Ønsker du jobb som El-kontrollør?
Vil du vera med på å utvikla Nordvest Elektro vidare?
Vi opplever auka etterspurnad og treng ein sjølvstendig, engasjert og omgjengeleg El-kontrollør, eller ønskjer å bli El-kontrollør, som liker å skapa gode resultat i eige arbeid og samtidig er ein lagspelar. Er du riktig person og ikkje har dei riktige kursa ønskjer vi å tilby kurs for å bli El-kontrollør.
Nordvest Elektro har stor tru på bidraget til den enkelte til bedrifta så hos oss møte du eit profesjonelt fagmiljø som set eit inkluderande arbeidsmiljø høgt. Som ansvarlege for internkontroll hos oss arbeider du sjølvstendig i ulike typar oppdrag og prosjekt for privat og næringskundar på Søre Sunnmøre, store som små.
Arbeidsoppgåvene dine vil være?
hovudansvar for å planleggja, gjennomføra og følgja opp internkontroll-oppdrag på ein god og effektiv måte
feilsøking og reparasjon av tekniske system
sal og meir-sal av internkontroll oppdrag og nye avtalar
sjå til korrekt dokumentasjon av oppdraga, #tilleggsarbeid og endringar
kundekontakt og kundeoppfølging
ansvarlege for at alle oppdrag er i tråd med dei høge krava våre til kvalitet og tryggleik.
Kven er du?
set kunden i fokus, serviceinnstilt og leverer som avtalt
arbeider sjølvstendig, strukturert og er ansvarsfull
har fagleg stoltheit, held kunnskap vedlike
oppteke av å leverer kvalitet og å utføra arbeidet innanfor regelverket
har godt humør og bidreg til arbeidsmiljøet
Kva kompetanse har du?
fagbrev elektrikar (montør gr. L)
god norsk munnleg og skriftleg formuleringsevne
førarkort klasse B
Ønskelig kompetanse:
sertifisert i samsvar med NEK405, næring
sertifisert i samsvar med NEK405, termografering
Kva kan vi tilby deg?
ein solid arbeidsgivar med ambisjonar
ei stilling som byr på god fagleg og personleg utvikling
eit spennande, positivt og hektisk, men godt arbeidsmiljø
tenestebil og verktøy/maskiner
nettbrett/PC og telefon
svært konkurransedyktige lønnsvilkår
gode pensjon og forsikringsordningar